Etter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist svært mange av oss har eit sterkt forhold til. I 2024 fylte han 70 år, og vart overraska i Oslo Spekt...
BookingEtter eit halvt århundre i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkhistorie, og er ein artist svært mange av oss har eit sterkt forhold til. I 2024 fylte han 70 år, og vart overraska i Oslo Spektrum av 5000 vener, kollegaer og fans med overraskingskonserten «Ingen vei tilbake» som vart sendt på NRK1. Vi gler oss til han kjem attende til Rosendal.
Velkomen til Baroniet Rosendal! Til slottet frå 1665; mellom fjord, fonn, fjell og fossefall. Til fortida i notida. Til eventyret i verkelegheita.
Opplev Noregs einaste baroni, kjenn på duftene frå den blømande rosehagen, og spaser gjennom 300 år med hagearkitektur i Rosendal Have; Besøk 1600-talsslottet og bli guida gjennom ulike stilepokar.
Unn deg kortreist lunsj, eller våre eigne kaker i Rosendal Havecafé.
Opplev vårt mangfaldige kulturprogram med konsertar gjennom heile sommaren, gjerne kombinert med middag og overnatting på den sjarmerande Avlsgarden.
For meir informasjon sjå heimesida vår: www.baroniet.no