Velkommen til Eidfjord og opplevingar du vil hugse. Anten du vil ha rolege, aktive eller spennande dagar - her finn du natur, kultur og eit rikt mangfald.
Her får du ekte matopplevingar blanda med kultur og tradisjonar, og gjestfrie menneske. Du vel sjølv om du vil ha eit aktivt friluftsliv med naturopplevingar ved fjorden eller i fjellet, det verkelege fjellfolket sitt rike. Ved fjorden kan du nyte sol, varme og badeliv.
Eidfjord er unik. Freistande. Her er det berre 30 minuttar frå vakre, varme Hardangerfjorden til villmarka i 1250 meters høgde på Hardangervidda. Her kjem du tett på naturen, kulturen og menneska. Ekte, friskt, mangfaldig og gavmildt frå naturens side. Difor ser vi spor etter menneske 4000 år tilbake og difor har Eidfjord og Vøringsfossen vore eit av Norges mest attraktive reisemål i over 100 år. Det er lett å la seg begeistre av Eidfjord og Hardangervidda. Her finst mulegheiter for store og små.
Velkommen til eit kåseri om husmora si rolle gjennom historia med Anne Gravdal frå Kraftmuseet.
August Selnes kjem til Lydia 17. oktober og er ein musikar å sjå opp for.
I 1966 fekk Elisabet Vallevik Engelstad eit brev frå Olav H. Hauge. Brevet inneheldt diktet «Vinden har so mykje å fortelja i vår»: «Du lyt ha det fordi du har vore gild å snakka med meg og sendt meg nokre ord. Kvar gong du har pikka på døri, har eg vorte glad, og vert det òg, det er alt eg vil segja.» Olav H. Hauge levde heile livet i Ulvik. Han kunne nok i store delar av livet kjenna seg einsam og utanfor, men hadde eit livslangt samkvem med store diktarar og tenkjarar frå fortid og samtid. Det er ikkje vasstette skott mellom kvardagsliv, lesing og skriving i Hauges tilvære. Med utgangspunkt i venskapen med Hauge syner Engelstad korleis både det lokale og internasjonale, gjennom forfattarar som Emily Dickinson, Antonio Machado og René C
Haustferien i Eidfjord og på Hardangervidda byr på storslått natur og fargerike landskap. Her kan du nyte flotte fotturar før vinteren kjem med snø og skispor.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for barnefamiliar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den godt vaksne.
Hausten i Eidfjord og på Hardangervidda er ei vakker tid. Dette er i grunn den finaste tida for fotturar på Hardangervidda, som viser seg fram i sine finaste fargar, før snøen kjem og skisesongen startar.
Kva med ei langhelg i Eidfjord? Her er forslag til fleire dagar med opplevingar for den aktive og turglade.
Oppdag sjarmen til Eidfjord på ein regnværsdag mens du utforskar ei rekkje innandørs attraksjonar, nyter lokale delikatesser på koselege kafear, eller fordjuper deg i den rike kulturarven til Eidfjord