Velkomen til årets Fruktslepp! Opplev eple på ein heilt unik måte når Frukt og siderruta tar deg med på ei reise i epla si verd på kvar gard, og Brakanes Hotel avslutter med ein unik smaksopplevelse; 5- retters middag på lokalt vis
Booking
12:00 Ulvik Frukt & Cideri Presentasjon av 22 eplesortar (nye, vanlege, gamle og sidereplesortar), og smaking av produkt av desse. 13:15 Syse Gard Eple som råvare. Bruk av eple i alle former: safting, turking, hermetisering og sylting. Servering av haustlunsj og i glaset får du råsaft og sider. 15:30 Hardanger Saft og Siderfabrikk Me startar i brenneriet og produksjonen der, tek eit djupdykk i spontangjæra sider og avsluttar med lun eplekake av nyplukka, syrlege eple servert med kaffi og avec frå brenneriet. Bestillast utanom: 19:30 Brakanes Hotel 5-retters sidermiddag med drikkepakke