Opplev hausten i indre Hardanger

Web Ulvik haust
Web Eidfjord haust

Den fine hausten i all si fargeprakt er her, og du er invitert!

rose

Inst i Hardangerfjorden, mellom bratte fjell og djupblå fjord, finn du bygdene Eidfjord og Ulvik. Her kan du finna ro og vera aktiv på same tid, alt i ditt tempo. Bruk haustferien til å fylla ryggsekken med gode minner saman med dine nære vener og familie.

Yrjan Olsnes 1188
VHF Ulvik Siderruta Haara 2021 V2 C35 A8677
Stine Carlsen Avisa Hordaland
Web Konsert Ulvik
rose

Med berre ein halvtimes køyring mellom, ligg alt til rette for gode og nære opplevingar. I tillegg til eit variert haustferieprogram, kan du legga ut på korte og lengre turar i verdskjend natur, besøka Norsk natursenter og Olav H. Haugesenteret, rusla mellom gardane på Frukt-og siderruta og handla i gardsutsala, og mykje meir. Noko for heile familien.

Med utgangspunkt i Eidfjord og Ulvik har du tilgang til eit eldorado av vakker vestlandsnatur og godt merka turløyper, både til godt kjende stadar som Dronningstien, Kjeåsen og Oksen, men og til andre turperler som Ossete, Midtfjell og Kristinuten.

Les meir om alle turane i Ulvik og i Eidfjord.

Voringsfossen av Heidi Kvamsdal juli 24
Voringsfossen av Heidi Kvamsdal juli 23
rose

18.september opnar siste byggetrinnet ved Vøringfossen – det mest kjende fossefallet i landet. Her får du ei spektakulær utsikt over det 182 meter lange fossefallet, og du kan gå over fossen på trappebrua, noko som gir ei heilt vill oppleving. Du vil fort skjøna kvifor dette er ein av landets mest populære naturattraksjonar.

Du finn eit godt utval av overnattingsstader å velja mellom i begge bygdene, alt frå camping og glamping til tretopphytter, pensjonat og hotell.

Overnatting Eidfjord

Overnatting Ulvik


Sjå også:

Fruktsleppet 28.september

Ladies feelgood-weekend 11.- 13.oktober

Haustferieprogram 2024
Sjå alle

Fleire reisetips