Hardangerfjordekspressen Rødne
Opplev Hardangerfjorden

Fjordopplevingar i Hardanger

Fjordsafari med gardsbesøk, private fjordcruise, fartsfylte ribbåtturar og meditativ kajakkpadling - Med 179 km fjord er det opplevingar i fleng å utforske på Hardangerfjorden.

rose
Visste du at?
rose
Hardangerfjorden er Noregs nest lengste fjord?
rose
Hardangerfjorden ligg nærme Noregs tredje største isbre, Folgefonna?
rose
Hardangerfjorden var ein av dei fyrste stadane turismen kom til i Noreg?
Robåt
rose

Hardangerfjorden er vakker å sjå på frå land, men det er noko eige med å sjå det storslagne fjord- og fjellandskapet rage rundt seg ute på fjorden. I gamle dagar var det fjorden som var hovudtransportvegen i Hardanger, og ein måtte ta årene fatt dersom ein skulle kome seg rundt. Sjølv om vegnettet har forbedra seg sidan den tid, er det framleis ypperleg å ta fjorden som reiseveg.

Eit populært reisealternativ er Norled si turistbåtrute som går gjennom heile sommarsesongen. Båten startar frå Norhiemsund og er innom stoppa Herand, Utne, Kinsarvik, Lofthus, Ulvik og Eidfjord. Dette er eit rimeleg alternativ for transport, men er også eit fantastisk sightseeing-alternativ dersom ein vil sjå store delar av Hardangerfjorden på ein og same dag. I Eidfjord har båten ein lengre pause før den returnerer til Norheimsund med same rute. Dette gjer det enkelt å utforske Hardanger, då ein kan hoppe av og på båten, alternativt dagen etter dersom ein ynskjer å ta ei overnatting på ei av stoppestadene.

Eksempelvis er det veldig lett for ein familie å ta båten frå Norheimsund til Kinsarvik og tilbringe dagen i Mikkelparken. Båten korresponderer også med buss slik at det er enkelt å kome seg vidare rundt i Hardanger. Kjem ein reisande frå Bergen kan ein kjøpe bussbillett frå Bergen til Norheimsund inkludert i båtbilletten.

Sjekk rutetider og bestill billettar her.

rose

Eit anna alternativ dersom ein reiser frå Bergen er Hardangerfjordekspressen som tek deg til Rosendal i Hardanger på to timar. Båten går heile året, og startar frå Bergen sentrum. Båten stoppar også innom Bergen Lufthavn - med andre ord kan ein fly til Bergen og enkelt kome seg vidare til Hardanger via Hardangerfjordekspressen. Fjellandskapet som møter ein i Rosendal er storslagent og går verkeleg under definisjonen nasjonalromantikk. Det er fleire flotte fotturar med panoramautsikt ein kan utforske i Rosendal, eller ein kan besøke baroniet med sin storslagne blomsterhage, det interaktive Folgefonnsenteret kor ein kan læra meir om isbreen og fjorden, og galleri G Guddal kor moderne kunst synast fram i nasjonalromantiske omgjevnader. Hardangerfjordekspressen korresponderer også med buss slik at ein enkelt kjem seg vidare inn i Hardanger.

Sjekk rutetider og bestill billettar her.

rose

Dersom ein er ute etter ei kulturrik fjordoppleving er Aurora of the Fjords klar for å ta deg med på eit eventyr du seint vil gløyme. Aurora of the Fjords cruiser rundt i Sørfjorden heile sommarsesongen, og nytt for 2023 er at båten også går til Ulvik og Eidfjord. Du kan enten velge å ta båten for sightseeingen sin del, eller kombinere fjordcruiset med gardsbesøk og sidersmaking hjå ein eller fleire av dei mange dedikerte fruktbøndene i Hardanger. Sider frå Hardanger er nok kjend for mange etterkvart, og stadig fleire får augo opp for det prisvinnande produktet. På gardsbesøk får du eit innblikk i korleis bøndene arbeider og lever, samt smake på produkta dei produserer på garden. På eit av stoppa til båten, Nå, ligg Siderhuset Ola K, kor ein kan nyte fantastiske måltid som harmoniserar godt med den lokalproduserte sideren. I Odda kan ein ta turen til Buerdalen og Buer restaurant, kor lokale råvarer er satt saman til gourmetmåltid. Med utsikt til det råe og mektige isbre- og fjellandskapet er det ei totaloppleving ein vil ta med seg i minneboka.

Sjå rutetider og finn billettar her.

The Fjords Aurora Haara 2023 187 A1336
Sidersafari
Sidersafari
rose

Ynskjer du å kome endå tettare på fjorden er kajakkpadling det du burde gå for. Å padle gjennom Hardangerfjorden på blikkstille fjord, med dei majestetiske fjella ragande over deg, er noko heilt unikt. Direkte frå hotell Ullensvang kan du padle ut i fjordlandskapet saman med Trolltunga Active, og i Eidfjord kan du bli med Best Adventures på fleire guida kajakkturar inn i Simadalsfjorden, den innerste fjordarmen i Eidfjord. Denne fjordarmen er lite trafikkert, noko som skaper ei meditativ, roleg og uforstyrra atmosfære. Her får du god tid til å ta inn inntrykka frå den rike naturen og dyrelivet, og det er store moglegheiter for å sjå både nise, kobbe og havørn. Best Adventures tilbyr 3-timarstur, eller heildags- eller halvdagstur med utelunsj, kor ein har pause på ei av dei idylliske strendene som ligg langs Simadalsfjorden. Det er også mogleg å leige kajakkar på eigehand over ein eller fleire dagar.

I Jondal står Folgefonni breførarlag klare for å ta deg med ut på fjorden. 3-4 timar på eit eventyr til ulike stader rundt Jondal, eksempelvis Jonaneset. Angr fjordkakjakk i Ulvik tilbyr kajakkutleige, kajakkurs og guida kajakkturar.

Alle aktørane har dyktige guidar som ynskjer å gje deg ei fantastisk, innhaldsrik og trygg fjordoppleving. Dersom ein ikkje har padla kajakk tidlegare får ein god opplæring i padleteknikk og alt ein treng for å ha ein komfortabel tur.

Det er også fleire stader ein kan leige robåt, blant anna hjå Kinsarvik camping.

Padling x Yrjan Olsnes 2021 07772
Kajakk på Hardangerfjorden
Padling x Yrjan Olsnes 2021 07710
Padling fjorden sommar 2020
Web kajakk hotel ullensvang haust vinter
rose

Er du ute etter noko meir adrenalinfylt er ein ribbåtur noko for deg!

Med Trolltunga Active kan du bli med på ei historisk fjordsafari kor du langs turen får sjå flotte attraksjonar, dyreliv og får høyra om den rike naturen og kulturlivet i området. Denne fjordsafarien kan også kombinerast med sidersmaking hjå ein av dei mange fruktbøndene i Sørfjorden.

I Eidfjord saman med Hardanger Fjordsafari får du både kjenne på adrenalinet og læra om områda rundt Hardangerfjorden. På eit av stoppa, den veglause staden Hotle, går det geiter som gjerne kjem ned til båten og helsar på. Båtføraren veit også om faste stader der ein ofte kan sjå kobbe. I Eidfjord er det også eit rikt fugleliv, og det er derfor store sjansar for å kome tett på sjøfuglen. Det er også mogleg å utforske Simadalsfjorden kor Sima vasskraftverk, eit av dei største kraftverka i Noreg, ligg. Her kan du lære om produksjonen som føregår inne i fjellet og korleis kraftverket er knytt til attraksjonar som Vøringsfossen, Hardangerjøkulen og Sysendammen. Naturen i Simadalsfjorden er storslagen med bratte fjellsider og mektige fossar.

I idylliske Ulvik tek Hardangerfjord Adventure deg med på ei minneverdig oppleving som gir deg ein smak av majestetisk norsk fjordlandskap og innsikt i livet langs fjorden. På RIB-tur frå Ulvik vert du køyrd ut til den imponerande Hardangerbrua og inn i Osafjorden der du får oppleve gamle veglause fjordbygder og spektakulær natur.

Ein annan fantastisk del av Hardangerfjorden er Fyksesundet, den smalaste fjordarmen av alle. Hardangerfjord Adventure og Norheimsund Rib Seafari tar deg med inn i Fyksesundet kor ein blir omkransa av massive fjellsider og fossefall. Innerst i Fyksesundet ligg Botnen, ei veglaus bygd med fjorden som beste tilkomstveg. Ytterst i Fyksesundet ligg Hardanger Akvasenter som tilbyr ein kort RIB-tur i kombinasjon med besøk eit visningsenter for lakseoppdrett.

Hardangerfjord Adventure tilbyr også private gruppeturar på førespurnad langs mesteparten av Hardangerfjorden etter avtale.

RIB til Hardanger Akvasenter
Ribtur med Trolltunga Active
Ribtur med Hardangerfjord Adventure
rose

Dersom ein verkeleg vil kjenne på den harmoniske roa på Hardangerfjorden fins det også private fjordcruise. Kapteinen Kurt ombord M/S Pilagutt kjenner Hardangerfjorden som si eige bukselomme og tar deg med til skjulte perler langs fjorden. Pilagutt har plass til 11 personar, har spise- og sitjemoglegheiter både inne og ute med andre ord perfekt for å ta med familie, venner eller kollegaer på tur. Fossesafari i mektige Fyksesund, den smalaste fjordarmen i Hardangerfjorden, cruise gjennom den langstrakte fjorden, bading i idylliske bukter eller fiske på dei beste fiskespottane? Moglegheitene er mange på privat fjordcruise, og kapteinen er klar for å skape ei minneverdig fjordoppleving for deg. PS: Ikkje ta skrekken dersom været er dårleg! Ein regnfull dag kan faktisk vera den perfekte dagen for ein fossesafari då vatnet og krafta i fossefalla forsterkar den trollske opplevinga.

See the fjords er eit anna privat alternativ kor ein kan skreddersy si eige fjordoppleving. Med M/Y Iselina Bella er det blant anna overnattingsmoglegheiter, to bad, Wi-Fi og flytebrygge, og varigheita på cruiset er det du som bestemmer.

Er du klar for ditt neste fjordeventyr? Kom og utforsk Hardangerfjorden!