RIB Fjordsafari – Trolltunga Active
Opplev Hardangerfjorden saman med erfarne guidar frå Trolltunga Active - ein fartsfylt og innhaldsrik RIB-tur med fjord, fjell, lokal historie og storslått natur.
BookingKontaktinformasjon
Om
RIB Fjord Safari er ei guida fjordoppleving for deg som vil oppleva Trolltunga-regionen frå vatnet - med fart, utsikt og gode historier undervegs.
Turen går med den raskaste båten i denne delen av Hardangerfjorden, og du kan velja startpunkt i Odda sentrum eller ved Hotel Ullensvang i Lofthus. Len deg tilbake, kjenn vinden i ansiktet og nyt fjordlandskapet med bratte fjellsider, nasjonalpark, isbre og fjell rundt deg. Med litt flaks kan du også få sjå nise eller kongeørn langs fjorden.
På kort tid får du oppleva mykje av det som gjer området spesielt. Skipperen og guiden tek deg med til interessante stopp langs fjorden, og deler historier om isbreen, jordbrukstradisjonar, industrihistoria i området og naturen rundt Trolltunga-regionen.
- Hele året
- Høst
- Sommer
- Vinter
- Vår