I Hardanger-regionen finn du ei rekke unike overnattingsstader. Alt frå tradisjonsrike og fleire hundre år gamle hotell til tretopphytter midt i naturen, som blant anna Woodnest. I hyttene deira, som er ein attraksjon i seg sjølv, kan du kjenna på roen og nyta utsikta til den vakre Sørfjorden.
Det same kan seiast om Hardanger Panorama Lodge i Ulvik. Tenk å starta dagen til lyden av fuglesang og denne utsikta frå ei tretopphytte!
Eller å vakna til lyden av Vøringsfossen - det mest spektakulære fossefallet i heile Noreg! Fossli Hotel, frå 1891, har ei unik plassering rett ved utsiktspunktet for Norges mest kjende foss.
Har du nokon gong campa i lause lufta, fleire hundre meter over bakken? Det kan du no gjera på cliff-camping saman med Estangard - ikkje langt unna startpunktet for turen til Trolltunga.
Og når ein fyrst er inne på Trolltunga, kjem ein ikkje utanom den gjennomsiktige domen til Trolltunga Active. På denne overnattingsturen får du oppleva både den makelause solnedgangen og soloppgangen på Trolltunga - den mest populære fjellformasjonen i heile Noreg.
Hardanger byr på meir enn eventyrleg vakker natur – her finn du ei rekke unike overnattingar som gjer ferien din til ei oppleving utanom det vanlege.
Når du planlegg eit opphald i Hardanger, handlar det ikkje berre om kor du skal sova – det handlar om totalopplevinga, historia, vertskapet og omgjevnadene. Med tett under 100 ulike overnattingstilbod, finn du alt frå sjarmerande trehotell og historiske gardshus til moderne tretopphytter og kjende Netflix-lokasjonar. Uansett kva du ser etter, kan du vera sikker på at Hardanger har noko som passar for deg.
Overnatting blant tretoppane
For deg som ønskjer å koma tett på naturen, er Hardanger Fjordtun, Woodnest og Hardanger Panorama Lodge å anbefala. Her kan du tilbringe natta i unike tretopphytter med makelaus utsikt over fjorden og fjella, omgitt av fred og ro – ei oppleving som verkeleg gir deg kjensla av å vera midt i hjartet av Hardangers mektige natur.
Historie i kvart rom
Om du er fascinert av historiske omgjevnader, ventar fleire perler på deg i Hardanger. Utne Hotel, eit av Noregs eldste trehotell, har teke imot gjestar heilt sidan 1722, medan Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin byr på ei reise attende til 1674. I kjem ein ikkje utanom Tyssedal Hotel, kjent for si imponerande kunstsamling og nærleiken til Trolltunga, og Thon Hotel Sandven, eit tradisjonsrikt hotell med røter tilbake til 1857.
Komfort og luksus
For dei som ønskjer topp komfort kombinert med vakker natur, er Hotel Ullensvang eit opplagt val. Med ei rik historie og fasilitetar i absolutt toppklasse, er dette blant Noregs beste og mest kjende hotell. Brakanes Hotel i Ulvik er også eit tradisjonsrikt alternativ med nydeleg utsikt og nærleik til aktivitetar i fjordlandskapet.
Ei annleis og unik oppleving
Vil du bu litt utanom det vanlege? På Dønhaug Gjestegard i Uskedalen kan du oppleva lyden av naturen og sjarmen i eit restaurert gardshus på Dønhaug Gard. Eller kva med eit opphald på Vikinghaug Apartments, bygget som blei verdskjent gjennom Netflix-serien Ragnarok? Her får du ei heilt spesiell oppleving i omgjevnader som garantert vil imponera både deg og reisefølgjet ditt.
Alternativ for alle
Hardanger byr på eit mangfald av overnattingstilbod som speglar regionens unike kombinasjon av historie, natur og kultur. Anten du ser etter luksus, tradisjon eller ei heilt spesiell oppleving, finn du det her. I Hardanger-regionen er det enkelt å gjera overnattinga til ein del av eventyret!