Ævestaden
Sep
13

Ævestaden foreinar gamle salmar og folketonar med moderne elektronisk knitring. Den svensk-norske trioen har ein fot planta i den skandinaviske tradisjonsmusikken og ein fot i det eksperimentelle og søkjande. Konserten er på Elvatun klokka 20:30

Booking

Om

Stanna inte

Kursen mot solen hela vägen

Vänd dig inte

Låt benen gå 

Bandet manar fram eit spennande klanglandskap gjennom feler, lyre, munnharpe, song og elektronikk. Ævestaden sitt lydbilete er verken redd for det klare, skitne, nyskapande eller tradisjonelle. Trioen har trollbunde eit stort publikum både i inn- og utland, og har hausta superlativar frå kritikarane. Dei fekk Folkelarmprisen for debutalbumet Ingen mere gråter i 2021, og tok heim nok ein pris under den svenske Manifestgalan for oppfølgjarplata Solen var bättre där i 2023. Poesifestivalen ser fram til ein konsert der tida står bitte litt stille, i festivalen si storstove Elvatun. Bli med, og kjenn på musikkmagi frå Ævestaden. Med: Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien

Kart