"Spelejenta" av Jon Fosse
Aug
24

Haugesenteret har 10-års jubileum! Familieframsyninga "Spelejenta" av Jon Fosse er eit spennande eventyr om ei synsk, felespelande jente. Ho kan sjå ting andre ikkje ser. I denne forteljinga reiser ho ut for å berga far sin frå ei aude øy, og med den mektige fela si kan ho både opne berg og kløyve hav. Framsyninga passar for folk i alle aldrar, og ekstra godt for born mellom 4 og 9 år.

Om

Spelejenta er eit spennande eventyr om ei synsk, felespelande jente. Ho kan sjå ting andre ikkje ser. I denne forteljinga reiser ho ut for å berga far sin frå ei aude øy, og med den mektige fela si kan ho både opne berg og kløyve hav. 

Jon Fosse si historie om Spelejenta er ei vakker og underfundig forteljing med kjende trekk frå både folketrua og bibelhistoria. Sjå eventyret koma til live gjennom musikk, dans og skodespel av Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen! Framsyninga passar for folk i alle aldrar, og ekstra godt for born mellom 4 og 9 år. 

Med: dansar og skodespelar Anne Heidi Kvam Hillestad, folkemusikar Sivert Holmen

Regi: Silje Onstad Hålien

Kart