I Friluftshovudstaden Ullensvang er vegen mellom store natur- og kulturopplevingar kort.
Det er mykje å utforske i Ullensvang - kommunen som omfattar områda Ullensvang, Odda og Jondal. Her finn du Noregs kanskje største frukthage, rik kulturhistorie, isbreen Folgefonna, siderproduksjon og spanande industrihistorie. I tillegg til nasjonalikonet Trolltunga, kan Ullensvang også skilta med flotte fotturar som Dronningstien, Husedalen og Buardalen.
Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Kor enn du er i kommunen, vil du vera nær ei stor oppleving i fri luft. Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Ullensvang har dessutan status som nasjonalparkkommune, og husar både Folgefonna og Hardangervidda nasjonalpark. I tillegg er Jondal er ein av Noregs fem nasjonalparklandsbyar, og er eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar.
Utstilling med Hans Sande i Galleri Banken - Ølve. Skulpturar og dikt. Kunstnar, psykiater og forfattar Hans E Sande har gitt ut ei rekke bøker i forskjellige sjangrar og har som biletkunstnar illustrert fleire av dei...
Rosendal Musikklag ynskjer dykk hjarteleg velkomne til ein unik festkonsert i den storslagne Riddersalen. Under leiinga av vår eigen dirigent, Sebastian Lamberg Torjusen, tek vi dykk med på ei reise inn i musikkens v...
Hans Erik Sande utstiller skulpturer Ons, lør, søn 12-16 tors-fre 15-19
I Hardanger finn du den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Når du står på platået og svevar 700 meter over Ringedalsvatnet, er det lett å forstå kvifor turistar frå heile verda kjem for å oppleva Trolltunga.
Nokre ting berre passar ekstra godt saman. Slik er det med frukt og Hardanger.
Opplev fleire hundre tusen frukttre i full blomstring i Hardanger om våren. Eit vakrare syn skal du leita lenge etter.
Utforsk den sørligaste isbreen i Noreg og ta del i kjekke opplevingar du seint vil gløyma. Folgefonna er eit eldorado for både store og små.
Utforsk Hardanger på ferie med barna! Få gode tips til spanande og barnevennlege opplevingar som passar for heile familien.
Odda:
Mandag - Fredag: 09:00 - 15:00
Lokalisert i Ullensvang rådhus i 2024. Adresse: Opheimsgata 31, 5750 Odda.
Kinsarvik:
Opnar for sesongen 6. mai 2024.
Ope man-fre i mai frå 10-17.
Frå 3. juni er det ope alle dagar 10-17.
* Me held også ope på dei raude dagane 9. mai og 20. mai frå 10:00 til 17:00.
Jondal:
Stengt for sesongen. Opnar vår/sommar 2024.
Røldal:
Stengt for sesongen. Opnar vår/sommar 2024.
Du kan bruke turist@ullensvang.kommune.no og tlf.: 480 70 777 for alle førespurnader som gjeld Ullensvang kommune.
Odda, Kinsarvik og Jondal:
Telefon: 480 70 777
E-post: turist@ullensvang.kommune.no
Røldal:
Telefon: 973 35 006
E-post: info.roldal@hardangerfjord.com