Konsert på Hardanger folkemuseum Gabriels Novgorod består av Gabriel Fliflet (trekkspel, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song). På konse...
BookingKonsert på Hardanger folkemuseum
Gabriels Novgorod består av Gabriel Fliflet (trekkspel, song), David Chelsom Vogt (fele, song), Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, song) og Jørgen Sandvik (gitar, song).
På konsert med Gabriels Novgorod kan du få høyra originale tolkningar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar, nordsvensk swing (med kossakktrinn) og lærerike songer på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utall språk. Etnisk populærmusikk frå Østersjøområdet frå 1930-, 40-, 50- og -60-talet! Bandet har også eit fristande bonusrepertoar med ur-vestlandske songar.
Gabriels Novgorod vart danna i 2003, og har m.a. spilt på Oslo World, Førdefestivalen, VossaJazz, NattJazz og Balkanfest.