Parkering: ved Utne Kyrkje
Tilkomst med offentleg transport: Buss frå Odda, ferje frå Kinsarvik og Kvanndal. Hurtigbåt frå Norheimsund i sommarhalvåret.
Merking: det er alt informasjonstavle ved startpunktet ved Utne Hotel
Gradering: Krevjande fottur.
Høgdeskilnad: 1233 moh.
Tidsbruk: 4 timar ein veg.
Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel og Hardanger Folkemuseum . Bruk gode tursko og ta med mat på turen.
Turomtale: Dette er ein krevjande tur til fjelltopp med fantastisk utsikt. Følg sti/skogsveg frå Utne Hotel til vegskilje ved skytebane, vidare til nytt vegskilje på Dalset. Løypa går så om Øvstestølen og Grønaskar, deretter sørover mot Grimsnuten
Variasjon av denne løypa: Utne-Utnesdalen-Grønaskar-Demmena.
Gradering: Middels krevjande fottur.
Høgdeskilnad: 910 moh.
Tidsbruk: 3,5 timar ein veg.
Gode råd: Kjøp kart med turomtale på Utne Hotel, Hardanger Folkemuseum . Bruk gode tursko og ta med mat på turen.
Turomtale: Følg sti/skogsveg frå Utne Hotel til vegskilje ved skytebane, vidare til nytt vegskilje på Dalset. Løypa går så om Øvstestølen og Grønaskar. Deretter vest- og nordover mot Demmena.