Korff Lofthus/ Toogood/ Båsen

Korff Lofthus/ Toogood/ Båsen
Feb.
07-03

07.02 - 03.05.26  Ingrid Toogood, Bjørn Båsen og Lars Korff Lofthus   Årets første utstilling presenterer tre malarar med tema ornamentikk og rom Ein viktig del av å jobbe med maleri er å bestemme seg for kva f...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

07.02 - 03.05.26 

Ingrid Toogood, Bjørn Båsen og Lars Korff Lofthus  

Årets første utstilling presenterer tre malarar med tema ornamentikk og rom

Ein viktig del av å jobbe med maleri er å bestemme seg for kva for eit rom ein ynskjer å skape. Gjennom historia har dette endra seg mange gonger. Nokon gonger har det vore viktig at maleriet skal vere så «flatt» som mogleg. Andre gonger har det vore viktig å skape store tredimensjonale rom. Denne utstillinga viser tre kunstnarar som er oppteken av kva dette rommet kan vere.

I tillegg til det reint maleriske rommet ynskjer dei å undersøke korleis sjølve gallerirommet kan bli ein del av samtalen.

Eit anna felletrekk for dei tre kunstnarane er interessa for ornament. Folk har alltid laga ornament på bygningar, møblar og interiør. Dette kan vere for å symbolisere meining og verdi, identifisere bruken, finne rytme og skape samhald og identitet.
I arbeida til Toogod, Båsen og Lofthus får ornamenta fleire roller. Dei kan peike på større forteljingar, stille spørsmål ved kva som er ekte, eller sende betraktaren i ein uventa retning.

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
0,00
0,00
60,00
*Pris frå