Nyopning av utstilling og kafè

Nyopning av utstilling og kafè
Apr
06

Velkommen til familiedag i Folgefonnsenteret søndag 6. april frå klokka 11.00 til 14.00. Vi gler oss til å vise fram fleire nye installasjonar i utstillinga. Dei siste to åra har vi arbeidd med å oppdatera delar av ut...

Booking

Om

Velkommen til familiedag i Folgefonnsenteret søndag 6. april frå klokka 11.00 til 14.00. Vi gler oss til å vise fram fleire nye installasjonar i utstillinga. Dei siste to åra har vi arbeidd med å oppdatera delar av utstillinga vår. Mykje av innhaldet vil vere det same, men vi har blant anna gjort nokre grep som kan gjere opplevinga kjekkare for heile familien.



Ta med store og små, og vær nokon av dei første som testar dei nye tinga i utstillinga. Nokre hint: Den levande fjorden, landskapet fortel og vatn i tre formar. I tillegg vert det oppgåver i utstillinga med ein steinkul premie og filmframsyning av «Livet i fjorden». Ta turen du og!

Gjøa skal drive kafeen i Folgefonnsenteret frå og med påske 2025. Denne dagen heldt dei kafeen open og testar den nye menyen sin. Det gler vi oss til!

Inngangsbillett til utstillinga: 125,- for vaksne og 45,- for born over 5 år. Familiebillett 300,-.

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
300,00
45,00
125,00
*Pris frå