Shwan Dler Qaradaki

Shwan Dler Qaradaki
Jun
26-15

Shwan Dler Qaradaki arbeider med teikning, akvarell, film og installasjon.Han er norsk-kurdar, vaks opp i Irakisk Kurdistan og flykta gjennom mange land før han slo seg ned i Noreg. Bakgrunnen frå heimlandet og erfari...

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Shwan Dler Qaradaki arbeider med teikning, akvarell, film og installasjon.Han er norsk-kurdar, vaks opp i Irakisk Kurdistan og flykta gjennom mange land før han slo seg ned i Noreg. Bakgrunnen frå heimlandet og erfaringane som flyktning er sentrale i kunstnarskapet hans.

Utstillinga The Colour of Betrayal i Kabuso er bygd opp av 25 store teikningar/akvarellar på papir og ein installasjon med tilhøyrande video samt ein teikna film vist i konsertsalen. Dler Qaradaki er djupt personleg og nyttar eigne opplevingar og minner som materiale, men også det kurdiske folket si historie og historiene til menneske han har møtt. Han spør seg korleis ein kan uttrykke det som ikkje kan seiast med ord, spesielt når ein har eit morsmål som stadig er utsett for undertrykking, det kurdiske. Dler Qaradaki hentar og nyttar element frå både den vestlege og den austlege kunsthistoria, han stel skamlaust og brukar dei visuelle stilane som han måtte lære seg, vestleg klassisk kunst, austleg miniatyrmaleri og arabisk kalligrafi. Kjensler som tap, sorg og sinne får uttrykk i verka, men ein kan også finne motstandskraft og spor av håp og kjærleik.

The Colour of Betrayal, sviket sin farge, er på mange måtar ei leiting, ved hjelp av ulike kunstnarlege metodar, etter korleis svik kan sjå ut og korleis det påverkar den som råkast. Filmen The Tattooed Sun er ei kjenslevar skildring av historia til Dler Qaradaki si mor. I installasjonen The Golden Wish kommenterer han den omstridde danske smykkelova som grip inn i liva til alle flyktningane som kjem til landet.

Kart