Når sommarens snøsmelting har gjort sitt, står isbreen att i all si prakt - krystallklar, djupt blå og dramatisk. Kombiner brevandring med andre opplevingar i Hardanger, og gjer hausten om til eit uforgløymeleg eventyr!
Hausten er kanskje den finaste tida for å oppleve Folgefonna - Noregs tredje største isbre - på nært hald. Når sommarens snøsmelting har gjort sitt, står isbreen att i all si prakt - krystallklar, djupt blå og dramatisk. Bli med Folgefonni Breførarlag på ei uforgløymelig vandring over den mektige isen, der kvar bresprekk avdekkjer naturens råskap og skjønnheit.
Opplev blåis på Folgefonna! Folgefonni Breførarlag tar deg med til Juklavassbreen, ein bretur med panoramautsikt over fjord og fjell. På denne brearmen er det både spennande bresprekker og flat is.
Ein unik padletur mellom isfjell og mektig natur inn til Folgefonna isbre. Bli med på brekajakk og opplev isbreen det krystallklare på tett hald.
Bli med på kajakktur på Hardangerfjorden. Frå kajakk får du ei fantastisk oppleving av fjordlandskapet. Denne turen passar og for deg som ikkje har padla kajakk før.
Frå juni til oktober er blåisturen eit dagleg tilbod, og turen vert tilpassa ønska og ferdigheitene til deltakarane. Turen startar frå Fonna sommarskisenter, 19 km frå landsbyen Jondal ved Hardangerfjorden. Berre turen opp Glacier Road er ein oppleving! Breføringa varer 5-6 t, og undervegs er det lunsjpause med panoramautsikt over brelandskapet, Nordsjøen og Rosendalsalpane. Breføraren formidlar kunnskap om kulturhistorie, klima og glasiologi. På ettermiddagen vender du tilbake mot skisenteret, då med utsikt over det vakre fjordlandskapet. Utforsk meir og book turen her.
Hausten fargelegg naturen i dei vakraste fargar og gir dei beste føresetnadene for magiske opplevingar i fjellet. Ein liten times køyretur frå Jondal finn du startpunktet til Trolltunga, den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Fritt for kø og turistar, blant skjulte perler og naturskjøne omgjevnader får du oppleva det tungeforma steinplatået 700 meter over Ringedalsvatnet. Det beste måten å oppleva den på er å ta turen medan dei fleste turistane har returnert til sivilisasjonen. Trolltunga Adventures og Trolltunga Active sørger for trygge og minnerike overnattingsturar til Trolltunga. Å gå den lange turen med kun dagstursekk og få servert både mat og oppredd sovepose er noko ein seint vil gløyma.
Tyssedal Hotel ligg både vakkert og praktisk til for ei natt med kvile og hyggeleg atmosfære i vakre omgjevnader før ein legg ut på neste eventyr.
Blandt fjord, høgfjell og frodige frukthagar er og Dronningstien særs vakker å gå i desse dagar. Med nydeleg utsikt til Sørfjorden langs heile ruta får du verkeleg oppleve kontrastane i Hardanger-naturen på nært hald. I enden av Dronningstien finn du Hotel Ullensvang, som kombinert med ein av landets mest populære turstiar, tilbyr ei fyrsteklasses oppleving. Hausten byr på variert vêr, og ein kjem tett på naturen og kan nyte fasilitetane på det vakre hotellet som ligg heilt i fjordkanten på Lofthus.
Har de eit ynskje om å oppleva regionen mens naturen er på sitt beste? Bli inspirert og planlegg di neste reise til Hardanger. Eventyra ventar!