Høgt over fjorden, i 600 meters høgd, ligg dei to bruka på Kjeåsen. Du kan både køyre og gå opp for å nyte den spektakulære utsikta.
I dag køyrer du i bil, gjennom ein tunnel som kraftutbyggjarane i Sima har skote ut. Før bilvegen var ferdig i 1974 var den einaste vegen opp den bratte fjellsida, langs jernbolta stigar over svimlande svaberg – ein veg for dei nervesterke. Dette var sambandet med omverda.
Uvegsamt låg Kjeåsen til, med ein – etter vår målestokk – heilt utruleg strevsam veg til gards, men her er det rike ressursar rett utanfor stovedøra, og jakt, fangst og fiske var hovudnæringa for folket her. Jordsmonnet på garden er grøderikt, og sola skin mest heile året.
Langs stien opp til Kjeåsen har folk gjennom generasjonar frakta alt dei trong på ryggen. Eit av husa på Kjeåsen tok det 30 år å bygga. Alt materiale måtte fraktast opp planke for planke. Den tyngste børa til Kjeåsen skal ha vore ein slipestein på 90 kilo. I 1930-åra vart det bygd ein motordriven taubane, og med denne vart det enklare å frakta varer opp og ned til garden.