Dynafit Hardangerjøkulen Ultra

Dynafit Hardangerjøkulen Ultra
Jul.
11

Dynafit Hardangerjøkulen Ultra er eit løp på 95 km som vil ta pusten frå deg. Start og målgang er ved Liseth Pensjonat & Hyttetun like ved Vøringsfossen i Eidfjord.

Om

Dynafit Hardangerjøkulen Ultra er eit storslått fjelløp med start og mål ved Liseth Pensjonat & Hyttetun, like ved Vøringsfossen i Eidfjord. Hovuddistansen på 95 km går rundt den majestetiske Hardangerjøkulen og byr på variert og krevjande fjellterreng langs DNT-merkte stiar, frå lettlaupne parti til svært teknisk krevjande seksjonar. Snø kan førekome på delar av løypa.

For dei som ønskjer ei kortare distanse, vert det òg tilbydd eit 34 km langt løp som følgjer delar av same trasé. Liseth Pensjonat & Hyttetun er samlingspunktet for arrangementet heile helga, med moglegheiter for overnatting, matservering og gode publikumsopplevingar.

Kart