Varm og stemningsfull klassisk julekonsert i Kabuso – kjende tonar, mjuke klangar og eit roleg pusterom i førjulstida.
Booking
Perler frå det klassiske julerepertoaret
Songar Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala ønskjer velkomen til Kabuso med ein stemningsfull jolekonsert med perler frå det klassiske jolerepertoaret.
Kjende og kjære klassiske tonar og varme klangar inviterer til ro og stillheit i førjulstida.
---
Oda Marita Netteland Norevik er ein klassisk songar frå Voss med bachelor i musikkpedagogikk og klassisk song frå Norges musikkhøgskole, og mastergrad i utøvande klassisk song frå Universitetet i Agder. Ho har fordjupa seg i romansar og lieder frå romantikken til etterkrigstida, og tek no vidareutdanning hjå Nadine Secunde i Tyskland.
Oda arbeider som frilanssongar og dirigent, både som solist og ensemblesongar i Kilden Vokalensemble, og som dirigent for mannskoret Kristiansand Haandverker Sangforening og blandakoret SyngHEFtig.
Ho har òg undervist i song, mellom anna ved musikklina på Voss Gymnas og ved Kristiansand kulturskole.