Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2025 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 26. – sundag 28. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset i...
Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag inviterer til helgekurs i hardangersaum hausten 2025 med Agnete Sivertsen som kurslærar. Kurset vert fredag 26. – sundag 28. september, kl 09.30 – 17 alle dagar. Kurset inkluderer både omvising i bunad og hardangersaumutstillinga vår, individuell rettleiing, samt lunsj og kaffimat i tre dagar.
Like tilbake til 1600-talet har kvinner i Hardanger sydd hardangersaum som ein del av den lokale draktskikken. Sidan har interessa for dette vakre broderiet spreidd seg til store delar av verda. På hardangersaumkurset får du læra dei grunnleggjande teknikkane, dei lure løysingane og dei lokale variantane. Etter ein god introduksjon vel du sjølv om du vil starta på skjortesaum til bunad, forklebord, eller kanskje ein duk eller ein løpar. Kurset passar godt både for dei heilt ferske og dei meir erfarne.
NB! I 2025 vert det ikkje eit eige kurs i svartsaum, men det er mogleg å melda seg på hardangersaumkurset og få sy svartsaum i staden. Berre gje ein lyd om dette ved påmelding.