Strømmen & Bukve @ Kabuso

Strømmen & Bukve @ Kabuso
Okt
25

Glad i dikt og musikk? Fredag 25. oktober kl 20 kan du få begge delar med Strømmen & Bukve med band - hos Kabuso i Øystese. Øyvind Strømmen – lesing Sveinung Bukve – gitar Trond Espen Teigen Bjoland - piano/synth...

Booking

Om

Glad i dikt og musikk? Fredag 25. oktober kl 20 kan du få begge delar med Strømmen & Bukve med band - hos Kabuso i Øystese.

Øyvind Strømmen – lesing

Sveinung Bukve – gitar

Trond Espen Teigen Bjoland - piano/synth

Anja Bere – vokal

Sveinung Bukve (Vöödöö, Secret Treehouse, Love Rock, Bukve) er gitarist og låtskribent i prosjektet.

Øyvind Strømmen er meir kjend som journalist og sakprosaforfattar, mellom anna av boka Giftpillen, som i 2021 vart peikt på som ei av årets beste sakprosabøker i både Bergens Tidende og Dagens Næringsliv. Heilt sidan ungdomsåra har dei to samarbeida i skjeringspunktet mellom lyrikk og musikk, og med albumet Mine to auge tek dei for alvor samarbeidet ut i ei breiare offentlegheit.

Til det har dei fått god hjelp frå pianist Lars Hammersland (mellom anna kjent for sitt samarbeid med Helge Jordal og Berit Håpoldøy), vokalist Anja Bere (Secret Treehouse).

Gjennom albumet søker Strømmen og Bukve å utforska tvisynet: mellom ord og musikk, mellom det mørke og det ljose, mellom depresjon og von, alvor og leik, kjærleik og sakn, men også mellom det lyrisk banale og det djupare metaforiske.
Musikken tek utgangspunkt både i Strømmen sine eigne dikt og i gjendiktingar, mellom anna frå afrikaans, og den sørafrikanske diktaren Eugene Marais (1871 – 1936).
Ved å ta i bruk Marais sine tekstar stiller Strømmen og Bukve også spørsmål ved kva som skjer når ein riv lyrikk ut av ein geografisk samanheng og set den inn i ein heilt annan.


________


Konserten har ikkje seteoppsett - fritt val ved ankomst
Huset opnar 1 t før arrangement

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
160,00
100,00
200,00
*Pris frå