Utstillingar @ Kabuso

Utstillingar @ Kabuso
Sep
28-29

Brynhild Grødeland Winther - Heimsyn // Eivind Lentz - Glitterskau I utstillingssalen: Brynhild Winther viser ei teikna frise på papir, 35 m lang og 3 m høg. I tillegg kjem einskilde verk montert både på frisa ...

Om

Brynhild Grødeland Winther - Heimsyn // Eivind Lentz - Glitterskau



I utstillingssalen:

Brynhild Winther viser ei teikna frise på papir, 35 m lang og 3 m høg.

I tillegg kjem einskilde verk montert både på frisa og andre stader i rommet. Frisa er ei tettpakka, visuell reise gjennom natur og landskap, personlege og felles minner og myter, lasta med visuelle referansar frå populærkultur, kunst og historia. I dette verket tek kunstnaren utgangspunkt i mellom anna heimlengsle. Det var noko med vinden den dagen, på stranda i Øystese, skriv ho.

Winther ser Hardanger frå utsida, som ei slags hovudpulsåre i vår kulturelle identitet, ein stad som er personleg og nær på ein underleg måte.

I foajeen:

Eivind Lentz er i desse verka inspirert av folkeeventyra og Askeladden sin kreativitet, fantasi, klokskap, list og fryktløyse.  

Bileta er forma av fysiske objekt fotografert med ein A4-flatbed-skannar, ein fototeknikk kalla skannografi, noko som kan minne om stilleben og diorama.

Kart