Trolske opplevingar I Hardanger

Vøringsfossen av twintheworld 5 web

3 gode tips til kvar du kan finna spor av troll i den eventyrlege naturen i Hardanger.

rose

Mange tenker nok på isbrear, blomstringa eller fjorden når dei høyrer nokon seia «Hardanger», men visste du at du også kan finna spor av troll her i regionen? Det er nemleg i djupe dalar, store vidder og skjulte fjordarmar trolla likar seg best. Og her i regionen er det nok av dømer på eventyrlege naturopplevingar som kan målbinda dei fleste.

Trolltunga 2
rose

Når ein fyrst skal på trolljakt i Hardanger, kjem ein ikkje utanom ein tur til den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Trolltunga, som er tilgjengeleg med guide heile året, er omkransa av landskap som troll føler seg heima i.

Visste du at ifylgje lokale historier er Trolltunga eit resultat av eit troll som blei til stein då det geipa til sola? Dei lærde stridast, men det som i alle fall er sikkert er at Trolltunga byr på ei naturoppleving du ikkje vil få andre stadar i verda.

rose

Ikkje langt unna Trolltunga, nærmare bestemt i Oddadalen, finn ein også spor av mytologiske skapningar av ulik art. I denne dalen, som også går under namnet «fossanes dal», ligg fossane tett i tett – som perler på ei snor. Ikkje nok med det. Langs strekninga opp mot Låtefoss, ligg det mange gigantiske steinar som har rast ned dei stupbratte fjellsidene.

Kanskje dette er restar av ferda til trollet som stivna til stein på Trolltunga?

Latefoss haust web
rose

I den andre delen av dalen finn du Vikinghaug Apartments, som kanskje er mest kjend som «Jutulheim» i Netflix-serien Ragnarok.

Vøringsfossen, den mest kjende i heile Noreg, kan du sjå enorme vassmengder stupa 182 meter ned frå Hardangerviddaplatået og ned i Måbødalen. I dalsøkket som går inn mot fossen kjem ein tett på natur tatt rett ut frå ei eventyrbok. Dei djupe dalsidene, tusenvis av steinane og i nærleik av store vidder, er det lett å skjøna at dette var ein ynda stad for troll tilbake i tid.

Vøringsfossen av Simon Sjøkvist 2
rose

Dette er berre nokre av mange eventyrlege opplevingar du kan ta del i på trolljakt i Hardanger. Finn inspirasjon til di neste utforsking på Hardangerfjord.com!

Få også med deg den nye filmen Troll på Netflix!

Trolljakt i Hardanger

Trolltunga
Aktiviteter

Trolltunga

Trolltunga er den mest spektakulære fjellformasjonen i Noreg. Den ligg 1180 moh, om lag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet.

Fossanes dal
Attraksjoner

Fossanes dal

Oddadalen - eit vakkert stykke urørt landskap langs RV 13! I denne særprega dalen ligg fossane som perler på ei snor innanfor ein avstand på 10 km: Tjørnadalsfoss, Strandfoss, Vidfoss, Espelandsfoss og Låtefoss som al...

Vøringsfossen
Attraksjoner

Vøringsfossen

Opplev Vøringsfossen - den mest kjende i heile Noreg!

Låtefoss
Attraksjoner

Låtefoss

Låtefoss i Oddadalen har ei fallhøgde på 165 meter og har vore eit ynda reisemål heilt sida 1800-talet. Han er lett tilgjengeleg - rett ved hovudvegen 13 mellom Odda og Røldal.

Fire fantastiske Fossar, Husedalen
Aktiviteter

Fire fantastiske Fossar, Husedalen

Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå Kinsarvik opp til Hardangervidda. Gangtid t/r frå parkeringsplassen til øvste fossen er 5-6 t. Område...

Vikinghaug Apartments
Overnatting

Vikinghaug Apartments

Med fantastisk utsikt over vann, foss, fjell, fjord og fonn, ligg Vikinghaug Apartments i Odda. Gjestene bur i store, romslege leilegheiter med tre-fire soverom, bad, toalett, kjøken og stove. Sengetøy og handklede er...

Hotel Ullensvang
Overnatting

Hotel Ullensvang

Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.

Trolltunga Hotel
Overnatting

Trolltunga Hotel

Sov komfortabelt i nydelege omgjevnader på Trolltunga Hotel i Odda, Hardanger. Hotellet er ei perfekt base for deg som vil gå Trolltunga eller vera med på ei anna av Trolltunga Active sine turar.

Vøringfoss Hotel
Overnatting

Vøringfoss Hotel

Vøringfoss Hotel finn du innerst i Hardangerfjorden, i fagre Eidfjord-omkransa av det beste Norsk natur kan by på. Vi ligg heilt i fjordkanten, over oss kneiser mektige fjell opp til 1600 meter.

Hardangervidda nasjonalpark
Attraksjoner

Hardangervidda nasjonalpark

Hardangervidda nasjonalpark er den største nasjonalparken i Noreg. Dette høgfjellsområdet høver godt både for erfarne fjellfolk og for dei som ynskjer å prøve fjellferie for første gong.  

Fossli Hotel
Overnatting

Fossli Hotel

Fossli Hotel har ei unik plassering rett ved utsiktspunktet for Vøringsfossen med utsikt over Måbødalen. Hotellet vart bygd i 1891, 25 år før Fossli fekk vegforbindelse. Edvard Grieg var stamgjest her.

Halne Fjellstugu
Overnatting

Halne Fjellstugu

Smak på heimelaga tradisjonskost eller overnatt i fjellheimen hjå Halne Fjellstugu. Fjellstova er lett tilgjengeleg langs rv. 7 – 1140 m.o.h ved inngangen til Hardangervidda Nasjonalpark.

Sjå alle

Fleire reisetips