Utne Hotel
Juletallerken Utne Hotel
Utne Hotel
Yrjan Olsnes 1726
Jon Aga Utne Hotel

Jon's favorittar til festbordet

Hardanger er kjend for si rike matkultur, og i jula kjem matgleda verkeleg til syne. Få ei ekte smak av Hardanger med nokre av favorittoppskriftane til ein av våre kulinariske meistrar, Jon Aga. Kanskje blir det nye smakar som fortryllar festbordet ditt i år?

Ved Utne Hotel lyser stjernehimmelen opp det vesle, sjarmerande trehotellet, medan snøfnugg fell stilt ned i Museumsvegen. Jula innanfor dei 300 år gamle hotellveggane er magisk.

Her byr kokk Jon Aga på fantastisk lokalmat, som røykt pinnakjøt frå Jan Arne på Smeagarden.

Alt på dessertbordet er heimelaga, blant anna ei nydeleg sjokolademoussekaka, og epleterta laga med ekte Hardanger-epler.

Lokal Hardangersider serveres i krystallglas, og peisen knitrar magisk i bakgrunnen. Her får ein verkeleg oppleve ei lun og karakteristisk Hardangerjul.

Utne Hotel sin fantastiske kokk Jon Aga har fleire favorittar til jula's festlege måltid, men slår på stortromma med denne deilige festmenyen - ein liten smak av luksus.

rose

Romjula er tida for å samlast og nyte god mat og drikke. Kanskje eit av selskapa har desse tre rettane på menyen i år?


HUMMARMOUSSE

  • 500 g hummarhaler
  • 300 g sjøaure
  • 1 egg
  • 2 eggekviter
  • 20 g salt
  • 80 g isbitar
  • ½ ts cayennepepper
  • 8 dl kremfløyte

Bland alt i ei hurtighakk og kjør til det blir ein tjukk smet. Hell i smurte former og steik i ovn på 173 grader.

HUMMARSAUS

  • 1 kg hummarskal
  • 50 g smør
  • 1 hakka løk
  • 2 fedd kinakvitløk
  • 1 ss green curry
  • ½ boks hakka tomat
  • 1 liter vatn
  • 1 boks kokosmelk
  • 1 ss brunt sukker
  • 2 liter kremfløyte

Svi av hummarskalet i smør og olje, tilsett løk og kvitløk, steik vidare. Ha i green curry, hakka tomat, vatn, kokosmelk, brunt sukker og fløyte. Kok i 45 min, sil av og kok inn til ønska smak.

Jon Aga Utne Hotel
rose

OVNSBAKT KVEITE MED NYDELEG TRØFFELSMØR OG SAFTIGE GULRØTER


OVNSBAKT KVEITE:

  • 800 g kveite
  • 5 ss olivenolje
  • Salt
  • 3 ss sitronsaft

Bland olivenolje og sitronsaft.

Del opp kveitestykka i 4 store delar og dryss på salt.

Pensle ein ildfast form med olje og sitronblandinga, legg fiskestykkene på og bak i ovn på 180 grader i 8 minutt.

TRØFFELSMØR:

  • 1/2 Kinahvitløk
  • 150 g smør
  • 150 g romtemperert smør
  • 1 ss trøffelolje
  • Salt og kverna pepper

Skjær kvitløken i tynne skiver og legg 150 g smør i ei gryte med kvitløken.

Fres det på middels varme til det blir gyllent brunt, ikkje brent. Sett det til side og la det kjøle seg ned.

Ta opp kvitløken og legg den på hushaldningspapir.

Visp det romtempererte smøret med ein elektrisk visp til det blir eitt kvitt skum.

Hakk opp kvitløken og legg det i smøret, tilsett trøffeloljen.

Når smøret i gryta er kjølt, bland det med trøffelsmøret.

Smak til med salt og kverna pepper, ha det i ei form og sett det på kjøl til det blir kaldt.

GULRØTER:

  • 4 store gulrøter
  • 1 ss estragon
  • 2 ss olivenolje

Pannesteik i olje i 2 minutt, strø over estragonen og steik vidare i ovn i 15 minutt.

Legg den steikte gulrota i botn av tallerkenen, fisken oppå, og legg ein stor terning med trøffelsmør på den varme fisken.

Nyt denne smakfulle kombinasjonen av ovnsbakt kveite, luksuriøst trøffelsmør og saftige gulrøter – ei gastronomisk oppleving for ganen.

Utne Hotel
rose

BAKT EPLEMARENGS: EI SØT AVSLUTNING PÅ EI FANTASTISK SMAKSREISE

For å toppe den fantastiske smaksopplevinga avsluttes festmåltidet med ein herleg dessert laga på lokale epler frå Hardanger.

BAKT EPLEMARENGS

  • 600 g Eplepure
  • 60 g Maizena
  • Frø frå 2 Vaniljestengjer
  • 3 cl Calvados
  • 360 g Eggekviter
  • 200 g Sukker

Bak eplene i ovnen og kjør fruktkjøtet til pure i ein blender.

Kok puren med maizena og smak til med Calvados og vanilje.

Pisk eggekvitene stive med sukkeret.

Vend forsiktig saman puren og eggekvitene.

Fyll i smurte og sukkerdryssa glass/kopper.

Bak i ovnen på 200 grader i 5-7 minutt.

Server med ei herleg blanding av søtt og syrleg tilbehør.


Står du fast i kokkeleringa? Ring sjølvaste Jon og få veiledning på tlf +47 900 34 636.

Jon Aga Utne Hotel
Sjå alle

Fleire reisetips