Kvinnherad - eit Noreg i miniatyr. Her får du store kontrastar i landskap og unike kulturopplevingar!
Med båtrute mellom Bergen og Rosendal, er eit besøk til Kvinnherad ein fin måte å oppleva reisa frå hav til fjord - med flotte kontrastar i landskapet, majestetiske fjell og unike kulturelle opplevingar, har Kvinnherad noko av det flottaste Hardanger-regionen har å by på.
Med båtrute mellom Bergen og Rosendal, er eit besøk til Kvinnherad ein fin måte å oppleva reisa frå hav til fjord. Det opne og dramatiske kystlandskapet vil innover fjorden erstattast med høgreiste fjell. Rosendalsalpane skil seg ut som dei mest spektakulære toppane. Bondhusvatnet og Bondhusbrea er også av det spektakulære slaget, og det er flotte turstiar både her og ei rekke andre plassar i kommunen. Dersom du viar turen til Kvinnherad, kan ein ikkje unngå å vitja Baroniet Rosendal. Slottet frå 1665 er kjent for sin vakre landskapspark og rike kulturprogram. Og når ein fyrst er inne på historiske bygg, er Halsnøy Kloster frå 1100-talet vanskeleg å koma utanom. Med flotte kontrastar i landskapet, majestetiske fjell, historiske slott og kloster, har Kvinnherad noko av det flottaste Hardanger-regionen har å by på.
Kabuso scene i Øystese presenterer: NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klass...
Presentasjon av Gro Holm sitt liv og virke v/ Brita Jordal og Gro T. Kollbotn (Kraftmuseet) Foredrag om De hvite kull v/ professor i nordisk litteratur, UiB, Eirik Vassenden Presentasjon av nettsida Kraftlandet Str...
Lag dine eigne vestlandsårer! Under rettleiing av båtbyggjaren får ein laga seg eit par årer i furu, og lære både teori og historie på vegen. Instruktør: Peter Helland-Hansen. Pris: 6700,-
Rosendal Kammermusikkfestival, grunnlagd i 2016 av pianist og kunstnerisk leiar Leif Ove Andsnes, har etablert seg som ein av dei mest interessante og unike festivalane av sitt slag.
Malmangernuten, Melderskin, Bondhusvatnet og Ulvanosa. Kvinnheradsfjella er noko for seg sjølv. Her i kommunen finn du nemleg fleire av dei mest populære og spektakulære fotturane i heile landet.
Utforsk den sørligaste isbreen i Noreg og ta del i kjekke opplevingar du seint vil gløyma. Folgefonna er eit eldorado for både store og små.
Trolltunga, Dronningstien, Bondhusvatnet, Oksen. Det manglar ikkje på kjende fotturar i Hardanger. Her i regionen finn du nemleg fleire av dei mest populære og fantastiske fotturane i heile Noreg.
Turen til Malmangernuter er ei vandring i nasjonalromantikkens rike.
Turistinformasjonen i Kvinnherad er lokalisert i Folgefonnsenteret på kaien i Rosendal.
Opningstider:
16.januar - 31.mars:
Mandag - Fredag: 10:00 - 14:30
1.april - 21.mai:
Måndag - fredag: 10:00- 15:00
Laurdag - sundag: 12:30 - 16:30
22.mai - 31.august:
Måndag - sundag: 10:00 - 18:00
1.september - 10.oktober:
Måndag - fredag: 10:00- 15:00
Laurdag - sundag: 12:30 - 16:30
Kontakt:
Telefon: +47 53 48 42 80
E-post: