Agatunet-Nortveit

Turen til Nortveite går i idyllisk landskap, og vel framme får du fantastisk fjordutsikt.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Stien startar og endar ved det velkjende Agatunet, det største klyngjetunet i Noreg. Terrenget er først flatt, seinare brattare og kupert. Ein tur som fører deg gjennom eit spanande og interessant kulturlandskap. . Om lag 2 timar tur/retur

Følg grusvegen oppover ca 200 meter til du møter skilt som viser vegen videre til Agastølen, Nortveite, i nordvestlig retning. Forsette denne veien vidare til du møter nye skilt mot Nortveite. Herifra går turen på lett sti delvis i skog men har innimellom utsiktspunkt. Stien er bra merka og passerer 2-3 småbekke, den siste ute på husmansplassen.

Du kan og gå opp til Agastølen, ca 400 moh. og tilbake til parkeringsplassen. Stien opp til Agastølen er tidvis bratt og der kan i vått ver ha nokre glatte parti. Stien inkluderer også klatring i stiar.

Denne turen kan kombinerast med andre turar. Sjå ut.no.

NB: Skredfare utanom sesong. 

Gradering
Sesong

Kart