Torsnes - Daurmålsdalen

Fottur i dallandskap i skog, mellom fjellsider og langs foss.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 1,2 km vidare. Ta til venstre mot Stølheim. Etter 0,4 km må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Der er det også informasjonstavle om turane i området. Følg vegen ca. 0,5 km, og ta av mot høgre (skilta Daurmålsdalen). Etter nokre hundre meter finn du nytt skilt Daurmålsdalen. Dersom du har bil, kan du parkera i vegkanten. Parkering på eige ansvar.

Om turen

Stien går først gjennom granskog og vidare i lauv- og furuskog til du kjem opp i Daurmålsdalen. Nokre bratte og glatte parti på berg etter granfeltet; elles god sti. Stien inn Daurmålsdalen går forbi ei hytte og vidare flatt innover på austsida av vassdraget. Når du kjem til enden av denne flotte dalen går stien bratt opp langs fossen som renn ut av Demmevatnet. Dersom snøen ligg lenge er det kanskje ei snøfonn som ligg oppå stien og fossen i dette bratte partiet. Då er det ikkje forsvarleg å gå vidare. På toppen av det bratte partiet er det ikkje langt til utløpet av Demmevatnet, der merkinga stoppar. (Det er umerka sti vidare til Gjetingsdalen og til Grønrimb.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis, men det er ei avgift for å køyre opp til parkeringa.
Lengde: 4km
Total gangtid: 5-6 timar
Sesong: juli-november
Vanskegrad/gradering: Raud, krevjande

Gradering
Sesong

Kart