Trolltunga & andre fjelltoppar i Hardanger

Trolltunga & andre fjelltoppar i Hardanger

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga og andre spektakulære fjelltoppar i regionen

Booking

Om

Ta med vener, kollegaer og/eller partnaren din på ei spektakulær oppleving i Hardanger!

Bli med Trolltunga Active og dei røynde guidane deira på eit ferdigpakka vintereventyr til Trolltunga og andre fjelltoppar i regionen. Pakken, som går frå fredag til søndag, inkluderer også trerettars middag og tre glas sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel. Det er også mogelg å booka ei sidersmaking med ulike produsentar. Dette kostar 400 kroner og har ei aldersgrense på 18 år.

Program:

Torsdag: Ankomst. Overnatting er ikkje inkludert i pakken, men det er mogleg å booka hjå partnarhotellet Trolltunga Hotel. Odda og området rundt Trolltunga har også ei rekke andre overnattingsstader tilgjengeleg for booking.

Fredag: Guida dagstur på truger til enten Oksen eller Melderskin. Ein får låna truger av Trolltunga Active, men dersom du ynskjer å bruka eigne ski, kan du det.  

Laurdag: Guida dagstur til Trolltunga. På kvelden er det servering av trerettars middag og tre glas lokalprodusert sider frå Hardanger på Trolltunga Hotel.

Pakken som kostar 3.830 kroner, er tilgjengeleg i tidsrommet 31.01 – 30.04 og inkluderer fylgjande:

* Truger og stavar

* Lunsj på førespurnad

* Middag og 3 glas sider frå Hardanger

* Guide

Pakken har ei aldersgrense på 15 år, men passar best for personar i aldersgruppa 25 – 45. Dette er ein til dels krevjande tur og passar ikkje for personar med kneskadar og/eller andre skadar. For meir informasjon, sjå Trolltunga Active sine heimesider.

Gradering
Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
pris
3830,00
*Pris frå