Trolltunga Autumn Day Hike - Trolltunga Adventures

Opplev eit fantastisk hausteventyr på dagstur med Trolltunga Adventures og dei erfarne guidane deira. 

Booking
rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail
Nettside

Om

Hausten er tida kor fjellet eksploderer i tusenvis av fargar. I kombinasjon med spektakulær utsikt til fjell, fjord, djupe dalar, fossefall og isbre, byr Trolltunga på ei naturoppleving ein aldri vil gløyme.Trolltunga Adventures sørger for at du får ei trygg og innhaldsrik oppleving med utforsking av gøymde stader langs vegen til den slåande fjellformasjonen. Utenom denne turen tilbyr også Trolltunga Adventures guida turar året rundt, både vinterturar, ekte villmarksopplevingar og magiske overnattingsturar.  

Turen strekk seg over 10-12 timar, kostar NOK 1550 kr og inkluderar:

Profesjonelle guidar med navigasjon, sikkerheits- og fyrstehjelpsutstyr

Lunsj

Lokal snacks frå Hardanger

Turstavar og truger (dersom snø) 
 

Oppmøte: Skjeggedal (P2) kl 0800. Her møter du guiden. Dersom forholda tillater det køyrer ein opp til Mågelitoppen (P3), noko som sparer inn 4 km og 400 høgdemetre. 

På turen må du pakke med deg: 

*Solbriller

*Solkrem

*Votter

*Lue 

*Buff/skjerf

*Dunjakke 

*Snacks 

*Vanntett jakke og bukse 

*Fjellsko

*Ulltrøye - to stk

*Vatnflaske 

*Sekk - minimum 25 liter 

Gradering
Sesong

Kart