Epli Sideri lagar eplemost og sider frå Hardanger. På garden på Sekse har dei gardsutsal og sidersmaking.
Booking
Mellom fjorden og frodige fjellsider i fruktbygda Sekse, midt i eit av dei eldste og mest tradisjonsrike fruktdistrikta i Noreg, finn du Epli Sideri – eit moderne sideri med djupe røter i lokal historie. Det heile starta i 2015, då brørne Kristian og Karl Magnus tok over familiegarden og byrja å laga eplemost og sider under namnet Hardangergutane. Sidan den gong har både produksjonen og familien vakse, og i dag er det Inger og Kristian som driv garden og har gjeve verksemda nytt namn, men med den same gode smaken.
Frå Hardangergutane til Epli Sideri
Namnet Epli kjem frå eit gamalt ord for eple, brukt i daglegtale i Hardanger heilt tilbake til norrøn tid. Det nye namnet markerer starten på ei ny epoke. Frå 2024 var produksjonen tilbake på garden på Sekse i nybygde og moderne lokale. Her har Inger og Kristian planta nye frukthagar og jobba vidare med å utvikla eit sideri som tek vare på både handverket og naturen.