Folkemusikkkonsertar i juli på Skredhaugen
Kvar laurdag i juli inviterer me på folkemusikkonsert på Skredhaugen. Konserten startar kl 17, og varar kring 40 minuttar. Konserten er inkludert i den vanlege inngangsbilletten.
Kontaktinformasjon
Om
Kvar laurdag i juli inviterer me på folkemusikkonsert på Skredhaugen. Konserten startar kl 17, og varar kring 40 minuttar. Konserten er inkludert i den vanlege inngangsbilletten.
I år er det unge og lovande Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes som spelar konsertane. Slik skildrar ho seg sjølv:
«Eg heiter Anna Margrete Emmerhoff Grønsnes, bur på ein fruktgard og spelar hardingfele. Eg har spelt hardingfele i snart ni år, og det har blitt ein veldig viktig del av livet mitt. Hardingfela har ein spesiell lyd som eg synest er veldig vakker. Eg likar godt å spela folkemusikk, for den fører meg inn i den norske kurturen. Eg øver mykje og prøver å bli betre heile tida. I sommar gler eg meg veldig til å spela for dykk! Håpar de vil ta ein tur innom! «