SOGNEROSA er ein roman med handling frå siste del av 1800-talet fram til 1905. Anne Karin Fonneland si farmor skal ha vore første næringsdrivande kvinne i Sogn og Fjordane ifølgje Fylkesleksikon Sogn og fjordane. Hand...
SOGNEROSA er ein roman med handling frå siste del av 1800-talet fram til 1905. Anne Karin Fonneland si farmor skal ha vore første næringsdrivande kvinne i Sogn og Fjordane ifølgje Fylkesleksikon Sogn og fjordane. Handlinga i romanen tek utgangspunkt i verkelege personar og miljø, men er likevel fiksjon. Kunstnarar frå inn- og utland kom for å måla landskapet og naturen. Turisme og gryande kraftutbygging gav nye arbeidsplassar og kulturell utveksling. Båtbyggjarar frå Hardanger reiste også til Sogn for å byggja båtar. SOGNEROSA er ein roman om venskap, solidaritet og kjærleik.
Anne Karin vil fortelja om bakgrunnen for at ho byrja å skriva romanen. Ho vil også fortelja litt og syna bilete av kjende personar som er med i handlinga og lesa eit lite utdrag. Det vil bli mogleg å kjøpa boka.
Gratis og ope for alle!