Utstillingsopning i Kabuso

Utstillingsopning i Kabuso
Mai
16

Utstillingsopning

Om

Laurdag 16. mai opnar årets sommarutstilling i Kabuso.

Du er som alltid invitert til opningsarrangementet!

Utstilling – t.o.m. 30. august:

Kari Dyrdal/ Jon Arne Mogstad/ Jeremy Welsh

Ope hus frå kl 13, opning av utstilling kl 14.

Forfriskingar, open kafe og uteservering.

Velkomen!

_____________

Om utstillinga:
Gjennom video, tekstil og måleri reflekterer kunstnarane kring korleis vatn ter seg og fangar skiftingane i lyset.

Eit fellestrekk for kunstnarane i utstillinga er interessa for vassflata sine speglingar:
Teppa til Kari Dyrdal er nøye planlagde framstillingar av vatnet sine kvervlande nanosekund, omsett til motiv i renning og innslag, ein visuell spagat som jacquard-teknikken gjer mogleg.
Jeremy Welsh observerer vatnet sine ulike skikkelsar, som tåke, regn, fjord, bre og snø, og korleis vatnet flyt gjennom kameralinsa og dei elektroniske signala i videoskjermen.
Jon Arne Mogstad har eit djupt engasjement for korleis hand og auge evner å feste dei raske skiftingane til lerretet ved hjelp av pigment og olje.

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
0,00
*Pris frå