Fisketur med guide - Trolltunga Active

Fisketur med guide - Trolltunga Active

Bli med på ein unik fisketur i Sørfjorden med Trolltunga Active. Utstyr inkludert, og turen passar for alle ferdigheitsnivå.

Booking

Om

Ta med deg vener, kolleger og/eller din betre halvdel på ein fisketur utanom det vanlege. Sørfjorden, midt mellom Folgefonna i vest og Hardangervidda i aust, har gjennom åra vist seg å vera ein ypparleg plass for fiske - spesielt om vinteren.

Det speler ingen rolle om du er ein erfaren fiskar eller nybyrjar. Trolltunga Active sine erfarne guidar losar deg til dei beste fiskeplassane som er å finna i Sørfjorden. Målet er å la deg dra opp din eigen fangst medan du nyt den spektakulære naturen som kjenneteiknar området.

Trolltunga Active sørgar for alt nødvendig utstyr. Du kan med andre ord konsentrera deg om å nyta opplevinga og skapa minner som varar livet ut.

Sesong

Kart

Prisar

Beskrivelse
Pris*
2024
2500,00
*Pris frå