Fjord Chartering

Opplev det magiske fjordlandskapet om bord i den luksuriøse båten til Fjord Chartering. Nyt dagsturar eller lengre reiser med overnatting og besøk lokale sidergardar og matskattar i eventyrleg natur.

Booking

Om

Hardanger er vakkert uansett kvar du snur deg, men den mest spektakulære opplevinga får du frå sjølve Hardangerfjorden. Bli med Fjord Chartering på ei unik oppleving i det norske fjordlandskapet om bord i deira Fairline Squadron 58.

Dei tilbyr både dagsturar og lengre turar med overnatting, for dei som ynskjer det. Båten har nemleg to bad og tre store lugarar - To med dobbeltseng og éin med to enkeltkøyer. Det gjer at den luksuriøse båten har kapasitet til 12 personar på dagstur og 6 personar for overnatting.

På tur med Fjord Chartering, får du utforska det makalause fjordlandskapet, koma tett på skjulte perler og besøka lokale sidergårdar og matprodusentar. Her kan du nyta smakfulle, lokale spesialitetar medan du beundrar den fantastiske utsikta.

Velkomen om bord!

Sesong

Kart