Gjerde Felemakeri kan fortelje deg historia om Hardangerfela.
Ole Gjerde er Hardingfelemakar i Strandebarm. Frå 2022 har han vore på plass i eigen verkstad på tunet, på garden Flaten, i nærleiken av Fosse i Strandebarm. Her lagar han Hardingfeler til både nasjonale og internasjonale kundar, samt spesialarbeid i tre og 3d modellering og CNC fresing. Han driv med kultur gjennom å arrangere konsertar og føredrag i verkstaden, og tek gjerne i mot grupper på førespurnad. Her kan du både få vita om historia og notida til Hardingfela.