Grotnes - Grønrimb

Tur i skogsterreng og fjellterreng til stølen Grønrimb med flott fjordutsikt.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

13,6 km sør for Jondal sentrum (vegen mot Hesvik) kjem du til Grotnes. Her er det på høgre sida av hovudvegen turskilt (Grønrimb). Har du bil, finn ein plass ved avkjørsla eller oppe i tunet. Ved parkering i tunet, avtal plass med dei som bur der. Parkering på eige ansvar.

Om turen

Frå Grotnes, gå innom tunet og gjennom ei grind. Det er skogsterreng på første del av turen, til du har passert ein støl (Smaladalen). Du kjem så til eit meir ope fjellterreng og får fin utsikt ned på fjorden. Du er no om lag halvvegs, og terrenget vert flatare, men litt myrlendt. Du passerer Lomavatnet før det vert bratt ned til Vesla Raunlivatnet. (Ved vatnet kan du gå ned til Kysnes) Gå mot Grønrimb. Då kjem du ned til Stora Raunlivatnet, og det er ikkje langt att til stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis 
Lengde: 4km
Total gangtid: 4 timar
Sesong: mai - november 
Vanskegrad/gradering: Blå, middels 

Gradering
Sesong

Kart