Gangdal - Grønrimb

Fottur til stølen Grønrimb i dallandskap.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 5,6 km til Gangdal. Her er det infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre side av vegen. Har du bil, finn ein plass langs hovudvegen. Parkering på eige ansvar.



Om turen

I Gangdal, gå gardsvegen opp i tunet. Rett ovanfor husa er det skilta, og stien følgjer dalen heilt opp til stølen Grønrimb. Først gjennom granskog, så litt furu- og bjørkeskog, før du etterkvart kjem over skoggrensa. God sti, men nokre våte og glatte parti langs bekken. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Parkering: Sjå "startpunkt"

Parkeringsavgift: gratis 

Lengde: 2,6km

Total gangtid: 3 timar 

Sesong: mai - november 

Vanskegrad/gradering: blå, middels 

Gradering
Sesong

Kart