Sætveit - Breidsete

Bratt tur i variert landskap og terreng med flotte stølar og utsikt.

rose
Kontaktinformasjon
Adresse
Telefon
Mail

Om

Startpunkt

1,0 km sør for Jondal sentrum. Informasjonstavle og skilt ved parkeringsplass på austsida av vegen. Parkering på eige ansvar.

Om turen

Du går oppover på god skogsti. Etter om lag 15 minutt deler stien seg. Her er det skilta Fjellstøl og Vikanuten. Gå mot Fjellstøl. Først opp ein bratt rygg i granskog. Omtrent halvvegs til Fjellstøl kjem du til lauvskog med nokre opnare parti med utsikt. Stølen Fjellstøl ligg rett ovanfor skoggrensa. Når du er på stølen bør du ta ein avstikkar til ei antenne (ca 100 m nordvest for stølen), der det er flott utsikt mot Jondalsbygda. På stølsvollen er det ei kasse med bok som du kan skrive i. Rett ovanfor stølen er det skilta til Jondal, til Vikanuten og til Breidsete. Du går vidare mot Breidsete i småkupert fjellterreng mot Tveddalsnotten. (Ikkje merka bort til toppen, som ligg ca 5 min. til venstre for stien når du er på det høgste punktet på turen. Her er det flott utsikt, også ned til Breidsete som er endepunktet for turen. Det er farleg bratt på austsida av toppen.) Vidare er det bratt ned til Torsnesmyrane. Når du kjem ned er det merka til Breidsete og Fjelltveit. Gå mot Breidsete. Etter kort tid ser du stølen. Stien går ned og over ei bru, og opp 100 m til endepunktet på bilvegen. Der finn du ei informasjonstavle for turane i området.

Parkering: Sjå "startpunkt"
Parkeringsavgift: gratis 
Lengde: 6km 
Total gangtid: 7-8 timar 
Sesong: Mai - Oktober 
Vanskegrad/gradering: Raud, krevjande 

Gradering
Sesong

Kart