Iversen Bakeri & Konditori i Norheimsund byr på ekte handverksbakst, kvalitetskaffi og kunst i inspirerande omgjevnader - frå historiske lokalar med røter tilbake til 1700-talet.
Midt i Norheimsund sentrum finn du Iversen Bakeri & Konditori. Det er ein levande møtestad der lukta av fersk bakst og nytrakta kaffi møter kunst, handverk og lokal historie. Dørene opna sommaren 2025 etter eit sterkt ynskje frå lokalbefolkninga, og bakeriet har raskt blitt ein naturleg samlingsplass for fastbuande, hyttefolk og tilreisande.
Bakar Caroline lagar alt frå grunnen, med norske og lokale råvarer i fokus. I disken finn du alt frå sprø surdeigsbrød og saftige påsmurde lunsjsmørbrød til luftige bollar i ulike fasongar og eit freistande utval søte småkaker. Her er det ekte handverk som gjeld - alt laga med stoltheit for faget.
Kaffien kjem frå Bergen Kaffibrenneri, og teen er levert av Gravraak Teatelier - produsert av Noregs einaste tebarista. Resultatet er ein kaffi- eller tekopp som løftar baksten og gjer pausen litt betre.