Den Japan-inspirerte restauranten UNI Sushi & Izakaya tilbyr ein innhaldsrik meny med lokale råvarer. Sentralt plassert på kaien i Norheimsund.
BookingUNI Sushi & Izakaya er ein nyopna restaurant sentralt plassert på kaien i Norheimsund. Her har dei røynde kokkane diska opp ein innhaldsrik meny som består av kjøt, sushi, ramen, fusion tapas og annan mat - med inspirasjon frå Japan. Kjøkensjefen har nemleg ein solid bakgrunn frå Tokyo College Of Sushi & Washoku.
Rettane til restauranten, som tek sikte på å vera open heile året, nyttar seg av fleire kortreiste råvarer og lokalt kjøt.
Velkomen til UNI Sushi & Izakaya!