Kunstutstillingar i Skredhaugen

Kunstutstillingar i Skredhaugen
Jun.
21-15

Utstillingane står i Skredhaugen frå 21. juni til 15. august. Utstillinga er ope kvar laurdag mellom 15 – 18, og dei onsdagane Skredhaugens vener har arrangement.

Om

Maren Sofie Strømme har malt i meir enn 35 år, og har hatt ei rekkje utstillingar i Noreg. Ho har deltatt ved kunstfestivalen Ljosanótt på Island, seinast i september 2024 og vore gjesteutstillar i Art67 Galleri Reykjavik 2023.

Som medie nyttar ho akryl, akrylmåling og akryl ink, samt ulike typar tekstur. Ho nyttar ulike teknikkar for å oppnå kontrastar mellom fargar, tekstur og patina. Dybde vert skapt med transparente nyansar lag på lag. Kunstnaren er opptatt av å fanga årstidenes stemning med interessante kontrastar og fargespel, lys og stemning. Kunstnaren har alltid vore fascinert av korleis årstidene og vær set sitt preg på naturen og gamle historiske bygg, og prøver å overføra dette på lerretet for å få fram eit utvaska og elda preg, og gje måleria eit interessant uttrykk.

Naturopplevingar hentar ho i det barske, rå kystlandskapet på Vestlandskysten i Noreg, og frå Island der farmora var frå, med alle sine unike kontrastar og naturkrefter, samt det urbane bybilete, mur, kalkverk, gamle tapetar som bærer med seg spennande historier frå ei svunnen æra.

---

Kunstnarkollektivet BEE Hardanger vart stifta 19. mars 2021 av Britt-Helen Stuholm, Eli T Utne Lillevik og Eldbjørg Stenberg. Slik kom namnet BEE til, då dei står for forbokstavane til stiftarane sine initialar. Foreininga er ein møteplass for folk med ulik kunst- og kulturinteresse, og er eit lavterskeltilbod med møteverksemd, ulike kurs innanfor kunst og kultur, ekskursjonar for medlemane, samt utstillingar i lokalområdet.

Arbeidsområda er mix media som akryl, akvarell, oljemåling, tekstilkunst, foto, glasmåling, teikning, digital kunst og trearbeid.

Idag er dei 16 aktive medlem som i hovudsak held til i Kinsarvik og innover til Odda, men dei har plass til fleire medlem frå alle kantar. BEE Hardanger har fjordahallen i Kinsarvik som fast møteplass for møta og kurslokale. Tidlegare har BEE hatt utstilling i Galleri Bergslien og kommunestyresalen i Eidfjord med over 230 kunstverk i ulik skala, jolamarked på Krossvoll, galleri Grimo, Morellefestivalen, Odda by, samt fleire utstillingar på biblioteket i Kinsarvik. Av kurs har dei mellom anna hatt målekurs med Enver Gashi og Igor Meyer og teiknekurs med Hilde Rønning Karlsen.

Utstillarar
Dei som er med på utstillinga i sommar er: Torill Lien, Vilde Helene Takla, Britt-Helen Stuholm, Eli T Utne Lillevik, Gry Melås Hus, Rigmor Bang, Eldbjørg Stenberg, Hilde Rønning Karlsen og Liv Gunn Strand.

Kart