Naturkafe i Bergslagen
Naturkafé 21.mai, kl. 19.00 i Bergslagen. Det er endeleg klart for naturkafé i Bergslagen igjen! Som alltid blir det føredrag, musikk, kaffi, kaker og tid til drøs. FØREDRAG: Denne gongen held Sigve Solheim, ein fo...
Kontaktinformasjon
Om
Naturkafé 21.mai, kl. 19.00 i Bergslagen.
Det er endeleg klart for naturkafé i Bergslagen igjen! Som alltid blir det føredrag, musikk, kaffi, kaker og tid til drøs.
FØREDRAG:
Denne gongen held Sigve Solheim, ein fotograf og formidlar i særklasse, eit bildeføredrag som gir oss eit unikt innblikk i Kvinnheradsnaturen.
Forteljinga startar med dei akrobatiske markrellternene i sjøkanten. Deretter får me sjå og høyre om havørnene Gabriel og Nilla, som Sigve har følgt i 13 år. Så blir me med Sigve til fjells til kongeørna Vidofnir. Gled dykk til fabelaktige historiar og imponerande bilete av fuglar dei fleste av oss sjeldan kjem særleg tett innpå.
MUSIKK:
Ingen naturkafé utan musikk! Denne gongen kan me by på intet mindre enn ei verdspremiere: Rosendal Bluegrass vil opptre for oss - deira første opptreden som band. Me gler oss stort!
I tillegg blir det sjølvsagt kaffi, kaker, vafler og tid til gode samtalar saman med andre kjekke folk. Naturkafé passar for alle, så ta gjerne med både barn, nabo og besteforeldre til ein triveleg kveld i Bergslagen.
Arrangementet er gratis for medlemmer.
100 kr i inngangsbillett for ikkje-medlemmer (eller bli medlem her: https://naturvernforbundet.no/.../medlemskap-i.../)