Tenk deg en hekk - Konsert
"Tenk deg ein hekk" er eit samarbeid mellom trioen Gymnos og skodespelar Ingvill Skjold Thorkildsen, der eigenkomponerte tonar frå Gymnos blir sett saman med tekstar frå Nedreaas sitt forfattarskap - framført av Thork...
Kontaktinformasjon
Om
"Tenk deg ein hekk" er eit samarbeid mellom trioen Gymnos og skodespelar Ingvill Skjold Thorkildsen, der eigenkomponerte tonar frå Gymnos blir sett saman med tekstar frå Nedreaas sitt forfattarskap - framført av Thorkildsen. Musikken skapar eit intimt og nakent lydlandskap som kler Nedreaas sine tekstar.
Tekstopplesninga gjev bruddstykker av Nedreaas sine verk nytt liv, med ein tittel henta frå Av måneskinn gror det ingenting, der Nedreaas så elegant skildrar utanforskap, annleise og tilhøyrsla sine sterke krefter.
Gymnos består av Bjarne Øymyr på piano, Alexander Grieg på bass og Torbjørn Skjold på saksofon. Trioen har holdt saman i over 20 år og har spelt konsertar på jazzklubbar og andre event i Bergensregionen. Stundom har dei også fungert som kvartett med trommer.
Bandet spelar Skjold sine originalkomposisjonar og arrangement av folketonar og melodiar frå popkulturen - Coldplay, Jan Eggum og Bob Marley for å nemne nokon. Musikken har røter i nordisk kontemporærmusikk med rom for improvisasjon.