Tore Renberg og Christian Ihle Hadland med musikk og poesi i samspel på Baroniet Rosendal - ein breispektra og underhaldande kveld med litteratur, klaver og sterke forteljingar.
Booking
Øvst i reisekista ligg Renbergs dikt og ein bunt klaverstykker. Musikk og poesi skal møtast på vidt ulike vis. Dei skal halde kvarandre i gjensidig jerngrep, danse blidt, eller skvaldre av garde i alvorslett fjolleri. Her kjem oden til det ufødde barnebarnet, tjuvpakk-visen om dei klåfingra ungdomane og gravtalen for trønderen som fekk reisepass til helvete. I naturleg samspel med Domenico Scarlatti og Harald Sæverud.
I 2026 legg Tore Renberg og Christian Ihle Hadland ut på kongerikets landevegar i regi av kunstens intelligens.