Bjørn Eidsvåg til Baroniet Rosendal sommaren 2026 - ein av Noregs mest folkekjære artistar med klassikarar, nye tolkingar og ei imponerande karriere.
Booking
Bjørn Eidsvåg – Sommaren 2026
Etter eit halvt hundreår i musikkbransjen står Bjørn Eidsvåg som ein bauta i norsk musikkliv, og i ei årrekkje har han spelt rundt 80 konsertar kvart einaste år i alle krikar og krokar av landet. Etter ein innhaldsrik haust og vinter med konsertar og nytt show, er han klar for å innta festivalscenene sommaren 2026.
Hausten 2025 er Bjørn aktuell i framsyninga «Bjørn og Bjarte – den tøffe og den sarte» saman med programleiar og komikar Bjarte Tjøstheim, som turnerer for fulle hus over heile landet. Sjølv etter ein lang og solid karriere er Bjørn stadig aktuell med nye prosjekt og kreative krumspring. Etter deltakinga hans i TV2-programmet «Hver gang vi møtes» i 2023, der både Bjørns eigne tolkingar og artistkollegaene sine tolkingar av Bjørns låtar toppa listene, har Bjørn blitt inspirert til å «pusse opp» sine eigne låtar i ny drakt. Like etter suksessen med «Hver gang vi møtes» inngjekk Bjørn derfor eit samarbeid med den 40 år yngre stjerneprodusenten Carl-Viktor Guttormsen, som stod bak Emma Steinbakkens versjon av Floden, som gjekk heilt til topps på listene og blei den mest spelte låta på Spotify i Noreg i 2023. Sidan den gong har Bjørn, saman med produsentane Carl-Viktor Guttormsen og Anders Kjær, gitt ut ei rekkje nye låtar – mellom anna nye versjonar av klassikarane Skyfri himmel, Ringdans og Tør ikkje leva.