Velkomen til konsert med Alma Kraggerud og Natallia Popova! Den unge fiolinisten Alma Kraggerud har allereie markert seg som ein av dei mest spanande musikarane i sin generasjon, med solistopptredenar med fleire av landets fremste orkester og ei rekkje prisar bak seg. Med sitt uttrykksfulle spel og sterke nærvær på scena har ho imponert både publikum og kritikarar. Saman med den erfarne pianisten Natallia Popova, ein etterspurd kammermusikar med lang fartstid frå norske og internasjonale scener, byr ho på ein konsert prega av samspel, musikalitet og nyansar. Programmet spenner frå Grieg si dramatiske sonate i c-moll til lyriske og virtuose verk av Amy Beach og Schubert – ei stemningsfull oppleving med to framifrå musikarar.
Booking
Velkommen til konsert med Alma Kraggerud og Natallia Popova!
Den norske fiolinisten Alma Serafin Kraggerud (fødd 2006) byrja å spele fiolin som femåring og har studert med mellom andre Peter Herresthal og Alf Richard Kraggerud.
Ho debuterte som solist med Kringkastingsorkestret berre ni år gammal under festkonserten for kongefamiliane i Noreg, Sverige og Danmark. Sidan har ho vore solist med fleire orkester, mellom anna Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester og Arctic Philharmonic.