Trond Viggo Torgersen og Kristin Helle-Valle med samtaleføredrag om livet vidare - ein inspirerande og humoristisk kveld om aldring, val og nye moglegheiter på Baroniet Rosendal.
Booking
I samtaleføredraget Resten av livet snakkar Trond-Viggo og kona Kristin inspirerande og muntert om livet, kroppens aldring og overgangen til pensjonisttilværet – ein fase som kan vere både frigjerande og forvirrande. Med humor, livserfaring og solid kunnskap tek dei oss med inn i eit livskapittel fylt av moglegheiter, men òg identitetsendringar, nye roller og endringar i relasjonar.
Er det éi ting vi alle har felles, så er det resten av livet – kort eller langt. Og mange av oss fryktar det uunngåelege – alderdom, sjukdom og død. Men kva skjer eigentleg i kroppen når vi blir eldre, og kva kan vi gjere for å forseinke utviklinga? Kva vil det seie å bli eldre, og korleis handterer vi overgangar og endringar i den delen av livet?