Mathilde Seiler Straume Smak av Hardanger
Smak av Hardanger 1
Web Utne Hotel
Smak av Hardanger 2
Agatun Yrjan Olsnes 0218

Smaken av Hardanger - ei unik oppleving forma av stad og historie

Hardanger har alltid blitt opplevd frå sjøsida. Fjordane var vegen mellom bygdene – og slik startar denne reisa òg.

Om bord i hardangerjakta Mathilde seglar du slik ein gjorde i Hardanger på 1800-talet. Ei trebåt bygd i regionen, der segl, handverk og sjømannskap framleis er i bruk.

Ferda går inn Sørfjorden til Aga. Her ligg Aga Sideri og Noregs eldste klyngetun, omgitt av fruktgardar og sidertradisjonar som har vakse fram over generasjonar.

Vidare langs fjorden ventar Utne Hotel. Eit av Noregs eldste trehotell som kontinuerlig har vore i drift i meir enn 300 år. Her er overnattinga er ein del av historia – ikkje berre ein stad å sova.

Smaken av Hardanger er ei reise gjennom det som kjenneteiknar regionen. Fjord, kultur og tradisjon – samla i ei særprega norsk ferieoppleving med sterk lokal forankring.

Ei reise gjennom fjord, tradisjonar og kultur - der du opplever Hardanger slik regionen har vore levd i gjennom generasjonar

rose

For dei som ønskjer å koma tettare på det som definerer Hardanger, finst Smaken av Hardanger - ei samanhengande reise gjennom fjord, handverk og historie. Her får du oppleva mykje av det regionen er kjend for, samla i ei og same oppleving.

Reisa går sjøvegen over Hardangerfjorden om bord i hardangerjakta Mathilde - ei trebåt bygd i Ølve i 1884. Med segl av naturfiber og tradisjonelt sjømannskap gir ferda eit sjeldan innblikk i korleis fjorden har vore brukt som ferdselsåre i hundrevis av år.

Magnusstraume1
rose

På Aga går du i land til Aga Sideri og Noregs eldste klyngetun, omgitt av fruktgardar langs Sørfjorden.

Her møter du sidertradisjonar med djupe røter, og får smaka Hardanger slik han har utvikla seg frå tre til glas gjennom generasjonar. Aga Sideri er ein del av den levande sidertradisjonen i regionen, der prisvinnande sider vert laga av lokale eple. Under opplevinga vert du invitert inn på garden og får innblikk i heile prosessen – frå frukthagen til glaset du held i handa.

Smak av Hardanger 1
Smak av Hardanger 4
Smak av Hardanger 2
Aga Sideri Smak av Hardanger 2025
Aga Sideri 2025 So Me Haara 187 A7470
rose

Opplevinga blir avslutta på Utne Hotel – Noregs eldste trehotell i kontinuerleg drift sidan 1722. Eit opphald som set ro, historie og lokal matkultur i sentrum, med fjorden og landskapet som ein naturleg del av ramma.

DMS Utne Hotel 2
DMS Utne Hotel 1
Smak av Hardanger 5
DMS Utne Hotel
rose

Smaken av Hardanger er eit samarbeid mellom Utne Hotel, Aga Sideri og Hardanger Fartøyvernsenter – og eit godt døme på korleis slow travel, kulturarv og levande tradisjonar framleis formar opplevingar i Hardanger.

rose
10.-12. juli 2026

Smaken av Hardanger er ei eksklusiv heilgeoppleving som samlar fjord, kultur og tradisjon i éi og same reise. Over nokre dagar får du segla Hardangerfjorden, besøka Aga Sideri og bu på historiske Utne Hotel – i ei kurert oppleving med få plassar og sterkt lokal preg.

Her finn du meir detaljar og booking

Sjå alle

Fleire reisetips