Sorfjorden Alde 5web
Nyweb Bløming 2019 Haara 16
Sorfjorden Alde 6 web

Slik opplever du blomstringen i Hardanger - med lokale tips frå hardingen

Når frukttrea står i full blom, fjella framleis har kvit topp og liene lyser irrgrøne – då skjer det noko magisk i Hardanger. Det er ikkje utan grunn at folk frå heile verda legg turen hit kvar vår.

Frå Ulvik til Lofthus, gjennom smale vegar og mellom tusenvis av frukttre – blomstringa er ei oppleving som trollbind. Mange må stoppa bilen, berre for å nyta synet.

Blomstringa kjem aldri likt. Alt spelar på lag: sol, varme, bier – og tid. Det vakraste? Når alt klaffar. Då står Hardanger i full prakt, og det luktar sommar.

Hardanger om våren er ikkje berre vakkert – ho er magisk. Når frukttrea står i full blomst, blir landskapet eit levande postkort av fjord, fjell og fargar. Folk kjem frå heile verda for å oppleva det – men når skjer det eigentleg?

rose

Vêret styrer alt, fortel Bente Widding frå Aga Sideri.

Bente har bilete av epleblomstring heilt frå så tidleg som 3. mai, men fortel at sesongen òg kan dra ut til starten av juni. Kjem det varme og solrike dagar på rad, går det fort – men det er viktig at biene rekk å vakna og setja i gang med pollineringa. Utan dei blir det lite eple.

038web3
rose

Blomstringa kjem i fleire bølgjer. Moreller og plommer kjem først – med reine, kvite blomar – før epletrea tek over med det ikoniske rosaskjæret og ein kraftigare, tettare blome. Ifølgje Bente er det nett heilskapen som gjer det så vakkert.

Quote bente justert
rose

Her får du den finaste blomsterutsikta - og smaken av Hardanger:

Det finst mange stader i Hardanger der du kan oppleva blomstringa på sitt beste. Nokre av dei Bente nemner spesielt, er:

  • Fruktstien på Lofthus – ein tilrettelagt og vakker vandresti gjennom gardar og blomstrande epletre. Langs stien finn du gardsutsal som tilbyr lokal eplemost, sider og andre delikatesser

  • Frukt- og siderruta i Ulvik – ei lett tilgjengeleg rute som knyter saman tre gardar. Her kan du vandra mellom frukthagar, delta på smakingar og handla med deg lokale produkt

  • Gamlevegen frå Hauso til Velure – Ein skjult skatt på vestsida av Sørfjorden, der du køyrer midt mellom gardane.

Du konkurrerer nesten med deg sjølv om å finna det beste fotomotivet. Det er overalt. Eg sit på terrassen og ser kor bilar stoppar nedi vegen for å ta bilete av blomstringa – det seier vel sitt, fortel Bente.

Web VHF Ulvik Siderruta Haara 2021 C35 A8196
rose

Om du verkeleg vil få med deg magien, kan det vera lurt å setja av fleire dagar. Blomstringa kan koma tidleg eller seint, gå fort eller vare lenge. Midten av mai er ofte eit godt tidspunkt for å oppleva blomstringa, men ho kan koma tidlegare.

Våren i Hardanger er allereie godt i gang, og knoppane på plommetrea har byrja å spretta ut nokre stader.

Vegard Breie Mai 2019 1 web
rose

Blomstringa markerer ikkje berre starten på våren – ho er òg starten på noko endå større. For fruktbøndene i Hardanger, er det eit teikn på det som skal koma: epla. Og med epla kjem smakar i verdsklasse – som frisk eplemost, prisvinnande sider og lokale kvalitetvarer.

Planlegg blomstringsturen din her:

Blomstringa kjem når ho kjem – og varierer frå år til år. På temasida vår om blomstring i Hardanger finn du meir informasjon, tips til ruter og oversikt. For oppdatert info, fylg oss på Instagram.

rose
Tid for bløming:

I denne artikkelen får du tips frå dei lokale om korleis du kan få mest mogleg ut av vårturen til Hardanger.

Få med deg dette:

Hotel Ullensvang
Overnatting

Hotel Ullensvang

Midt i Noregs største frukthage ligg Hotel Ullensvang idyllisk ved kanten av Hardangerfjorden i Lofthus. Her kan du ikkje berre nyta vakre rom med fjordutsikt og god mat i restauranten men også badstua med panorama blikk over fjorden og badeanlegget med både innandørs og utandørs basseng.

Utne Hotel
Overnatting

Utne Hotel

Det historiske hotellet Utne Hotel frå 1722 har vore i kontinuerleg drift sida det. Hotellet har berre 17 rom, der alle har individuelt, historisk interiør med særpreg og sjarm. Hotellet er perfekt for deg som ser etter autentiske opplevingar .

Brakanes Hotel
Overnatting

Brakanes Hotel

Rett ved fjordkanten i Ulvik ligg Brakanes Hotel idyllisk til og nære attraksjonar og opplevingar i Hardangerfjord regionen. I gangavstand frå hotellet finn du for eksempel frukt- og siderruta med besøksgardar og Olav H. Haugesenteret.

Frukt- og Siderruta, Ulvik
Attraksjoner

Frukt- og Siderruta, Ulvik

Frukt- og siderruta i Ulvik forbinder fruktgardane Ulvik Frukt & Cideri, Syse Gard og Hardanger Saft- og Siderfabrikk. Dette er ei lett spasertur frå Ulvik sentrum, og du kan vitja gardane som ligg langs ruta. I tillegg til omvisingar med smaksprøvar, har gardane har utsal av produkta sine - inkludert sider.

Fruktstien
Aktiviteter

Fruktstien

Fruktstien. Idyllisk kulturlandskap for alle Startpunkt  Fruktstien kan ein lett koma seg på frå mange plassar: Lofthus Camping, Hotel Ullensvang, Ullensvang Gjesteheim, Hardanger Vandrarheim, og ved daglegvarebu...

Sykkel: Nasjonal turistveg Hardanger Utne-Herand
Aktiviteter

Sykkel: Nasjonal turistveg Hardanger Utne-Herand

Utne - Herand - Jondal Rv 550 mellom Utne og Jondal er del av den Nasjonale Turistvegen i Hardanger. Nyt turen langs Hardangerfjorden medan du passerer fruktgardar og vakker natur. Avstand mellom Utne og Herand er...

Nasjonal Turistveg Hardanger
Attraksjoner

Nasjonal Turistveg Hardanger

Nasjonal turistveg Hardanger tar deg med gjennom eit mektig fjordlandskap. Undervegs kjem du tett på fjord, fjell, fossar og frukthagar.

Sjå alle

Fleire reisetips